Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Peraløo pynta til fest

Bilder frå festen.

Musikalske innslag av,Nadia, Ivanna, og Nora.

Koldtbord.

Kakebord.

Pakker til utlodningen.

Kakebord.

Festen.

Nokre av medlemmene i Bygdekvinnelaget Lilli Ann Drønen, Ingrid Kristine Træet, Elin Korneliussen og Berit Gjøsæter Sæbø

Per Johan Vestbøstad viste oss fine bilder frå Fitjar.

Fitjar Bygdekvinnelag arrangerte fest for Ukrainarane i Fitjar.

26 april arrangerte Fitjar Bygdekvinnelag fest for Ukrainarane som bur i Fitjar.
Det var ca. 50 personer i Peraløo denne kvelden 30 av dei var Ukrainara ,Store og små var invitert.
Me serverte koldtbord med mykje nydelig mat, heimelaga kaker til kaffien. Alle koste seg. Per Johan Vestbøstad viste oss fine bilder frå Fitjar. Me hadde musikalske innslag . Nadia sang seg inn i hjertene våre med vakker sang, den eine ho sang var ein gammel sang av Ukrainske gevær menn, dei synger att Ukraina er stengt, men de vil reise det opp og gjenopprette det. Denne sang alle med på, det var så vakkert og sterkt. Ivanna framførte ein klassisk sang på Fiolin. Nora Jæger Thorland sang ein nydelig sang av Erik Bye, " vår beste dag ". Dei fleste snakka bra norsk, så me hadde gode samtaler med dei. Tilslutt hadde me gratis utlodning. mange fine gevinster og alle både store og små vant fleire gonger på sitt lodd .Anne Marie Røed var konferansier og så kjekk å høra på.