Fitjar Bygdekvinnelag. Hordaland
Kvar høst når me starter opp igjen med Bygdekvinnelags møtene våre starter me med ein tur for medlemmene, I år gjekk turen til Kråko, Der me og såg på strikke koleksjon til Marie Leiknes, Ho held til i ei brakke i Ildfaret i Kråko .Der ho har sitt studio / verkstad /utsal, ho har også nettbutikk. der ein kan bestille større ting som ho strikker.
Etterpå kjørte me til Portsteingard, der Ingebjørg H. Sandvik tok i mot oss på PS Bryggekafe, der fekk me servert nydelig pizza og drikke til. det var der me fekk smake på permentert te. var skikkelig god. Det vart ein koselig kveld for medlemmene, over 30 stk. var med. Praten gjekk godt og me hadde litt lek så her vart det lått og løye.