Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Fitjar Bygdekvinnelag lagde til fest Havnahuset 8 mai 2023

Tradisjon tro, var Fitjar Bygdekvinnelag på Havnahuset og lagde til fest  for bebuarane 8 mai, noko dei sette stor pris på.

Me serverte raudravle ,lefser ,pannekaker og fløtekaker, alt laga av frivillige i Bygdekvinnelaget. Ordføraren vår Harald Rydland var med oss og spelte piano til songane, me fekk også besøk av kommunedirektøren. Me hadde høgtlesing og ord for dagen. Me var så heldige og hadde med oss to frå Ukraina , Nadia som song så vakker om heimlandet sitt Ukraina ,og Ivanna som er 11 år og spelte eit  klassisk stykke til oss på fiolin. Veldig vakkert. Nokre eldre fortalte det dei huska frå frigjeringsdagen. Denne festen på 8 mai har Fitjar Bygdekvinnelag  arrangert i mange mange år no, ein fin tradisjon.