Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Godt nytt år 2025

God nytt år til alle saman!

2024 vart som seg hør og bør avslutta med adventsfest. Med god mat, song og anna finsleg program, kunne jula berre starta. Tusen takk til alle som var med!

På tampen av året, gav Fitjar Bygdekvinnelag ei pengejulegåve til Frivilligsentralen. Ei støtte til alt det gode arbeidet dei gjer. Det er ei glede å samarbeide med Frivilligsentralen.

Elles håpar eg alle har hatt ei så fin jul dei berre kan, og no er klare for 2025. Det vert eit vel så innhaldsrikt år som 2024.

 

Takk for året som gjekk. Me er ein fantastisk fin gjeng! 

Eg avslutter med desse orda frå Per Fugelli;

"Vi må godta oss selv og hverandre -med plusser og minuser. For høye forventninger, for mye perfeksjonisme og for mye prestasjon truer helsa vår. Tidsånden roper "høyere!", "raskere!", "sterkere!". For å bevare en god helse må vi vise måtehold, både i forventningene til oss selv og til andre."

Eit godt, avslappa, kjekt 2025 - der terskelen er lav og takhøgda stor! Saman får me gjort utruleg mykje, og eg er så takksam for å få vera leiaren i eit slikt godt lag som Fitjar Bygdekvinnelag ❤️ Venleg helsing Linn Helen 🌸