Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Håkon den gode og potetsalat

Det vert fredag 30.august.
Håkon den gode står snart på scena.
Linn Helen kappar poteter og lauk med dykkarbriller på.

Det tikkar inn ei melding "Kan de laga noko mat til svoltne skodespelarar?"
Så klart me kan!

Eit gilde etter sjølve gildet, svoltne skodarspelarmagar må fyllast etter mange timar med replikkar, fekting, dans og dramatikk på scena.
Oppdraget vart potetsalat!

Medan Linn Helen vakna tidleg for å ta både ferja og buss og bybane til førelesning i Bergen, vart besto/"badnavakt" sett til å koka 10kg med poteter. Heldigvis for Linn Helen var forelesaren sjuk, så ho kunne snu i bybanedøra og rekkja ferja heimatt.
Med dykkarbrillene på, var det å setta igang med kutting av både raudlauk og vårlauk (kan informera om at å kutta vårlauk svir etterkvart like mykje i augene som ved å kutta vanleg lauk, så dykkarbriller er nesten eit påkrevd sikkerheitstiltak).
Rømme, majones og sylta agurk i frodig harmoni saman med lauk, persille og dill. Ei lita handfull med salt og eit dryss pepar. Litt sennep oppi her - ja det vert godt. Og vipps stod 4 støre bakebollar stappfulle av potetbitar dekka i god saus.

Vonar det smakar, og godt jobba med å formidla både kunst, kultur og historie til Fitjarbuarane - og takk for at du "kom attende frå historia" for å fortelja, Håkon den gode!