Hausttakkefest i Fitjar kyrkje
Tradisjon tru, pynta damer frå bygdekvinnelaget Fitjar kyrkje med markens grøde i høve hausttakkefest i morgon sundag 20.oktober.
Mange lagsdamer har bidratt med både gulrøter, syltetøy, epler, graskar og anna haustleg; både etande og fryd for auga.
For ei vakkert pynta kyrkje, for ein måte å heidra hausten og den rikdomen naturen gjev av mat.
Dette kan de, damer! Takk for engasjementet og takk for samarbeidet til Fitjar kyrkje.