Litt gamalt nytt...
Her kjem referat frå Adventsfesten me hadde i 24.november -25, samt oversikt over det nye styret valgt inn på Årsmøtet 27.oktober -25. Om nokon ynskjer å lesa Årsmøteprotokollen, kan dei endeleg det - berre gje styret beskjed.
Adventsfest 24.desember i Peraløo
Ellen ynskjer velkomen.
Me tenner adventsljos medan me syng. Harald Rydlan spelar så fint til.
Inga les «Juleminnet» - juletreet vert tatt inn og pynta, stova luktar godt og ein kjenner på barndomsgelde. Alt skal skina til jul, alt skal vaskast og striglast. I fjosen likeså. Alle får litt ekstra i jula. Me syng og minnast Jesu fødsel i ein stall. Julebaksten gjev vatn i munnen. Einebærbusken bidreg til god juleduft i huset. Det er levande ljos på treet, og song i stova. Gåver som nyttige strikka plagg og frukt vert versett. Det vart servert risgraut med rjomegraut som «smørauga», og det skyllast ned med heimelaga saft. God mat i juletida var ei velsigning.
Harald spelar og me syng «Det lyser i stille grender».
Stein Kåre Meling held ord for dagen. Me mimrar attende i tid. Han snakkar fritt om det han hugsar frå barne- og ungdomstid. «Repitisjon er all lærings mor», seier han.
Han fortel om vinter-OL i California 27.februar 1960 – det var ein laurdag., klokka var 9 om morgonen i California, 18 norsk tid. Barnetimen kom ikkje som vanleg og folk i heile landet var rasande – telefonlinjene inn til NRK var raudglødande. Men heima hjå Svein Kåre, sat dei 3 spente gutar i stova. Det var ekstase i stova då det vart sett ny verdsrekord, 13:46:6 av Knut Johannesen. Stein Kåre markerer dette ved å lesa eitt utvald skeissedikt av Olav H. Hauge.
Vidare fortel han om ein fredag i 1963, meir presis 22.november. Dette går føre seg på realskulen. Her var det ein AvholdsLoge med passordet «medlemsskap krev innsats». Det var møte ein fredag i månaden. Denne dagen vart dei møtte med nyhenda om at president Kennedy var skoten. Han hugsar den vidare beskjeden til seg sjølv og gutane «no kan de angra, de som har kasta vekk siste året av livet på å gå på skule» då dei fabla om at det heilt sikkert var russarane som stod bak og atomkrig stod for dør. Det var trykka stemning i stova då han kom heim.
Ein annan merkedag var ein laurdag i 1957, 21.september. Då døydde kong Håkon. Stein Kåre var då 9 år gamal. Dette visste han om kongen; han var frå Danmark, var høg og tynn og klara aldri heilt snakka norsk. Han fekk høyra at kong Håkon visstnok hadde døydd på badet. Stein Kåre visste ikkje kva eit «bad» var for noko, då dei var vane med å vaska seg på soverommet i ein stamp. Då vaska dei frå øvst til nedst. Dette var kunnskapsgrunnlaget for ein liten «teikneserie» Stein Kåre laga om kongens død.
Bedehuset var ein sentral plass. Dei var ikkje utskjemde med å sjå film. SÅ då det ein dag i 1959 kom ein misjonær frå Afrika som skulle syna heile 2 filmar, var bedehuset fullstappa. Film nr 1 tok for seg informasjon om folk og dyr i Afrika. Då film nr 2 skulle synast, kviskra mannfolka lågt mellom seg og bestemte at den ikkje passa så godt for alle under 12 år. Stein Kåre var få månader frå å fylla 12 år, men det var ingen nåde – han måtte gå ut. Det viste seg at det var afrikanske damer med bar overkropp som gav grunnlag for utkastinga av småborna.
Vidare fortel han om lommelykt og status, han hadde den flate lommelykta, den såkalla «lågstatuslommelykta». Elles var det slik at alle dei litt eldre gutane røykte då Stein Kåre var kring 13 år. Det var visst både staseleg og tøft. Då naboguten på 12 år hadde stole tobakk, måtte dei sjølvsagt prøva dette. Dei sette seg til og drog godt inn! Enden på visa var at Stein Kåre vart så sjuk! Han fòr heim, og jo nærare heimen han kom jo meir gret han. Neste dag skulle han levera inn ein stil på skulen, men Stein Kåre var ikkje brukande til noko. Det enda med at far hans laga ein kladd han leverte inn. Denne fekk han mykje godt på, og både han og faren var godt nøgd med resultatet.
Minnebøker – med ord som «min alder er som før, opp ei trapp og inn ei dør», eller «når du blir gamal og ingen vil ha deg, set deg på taket og la kråka ta deg». Dette var jentekultur, me må passa på at dette ikkje forsvinn! Stein Kåre gjev tips til ei masteroppgåve om tematikken minnebøker, han meiner det er verdig ei masteroppgåve.
Mora Klara var «innanriksminister» med fullt oppsyn på Stein Kåre og syskena. Det var lange arbeidsdagar med mjølking, henta egg, laga på nistepakkar. Ho var flink til å lesa høgt. Etter kveldsmaten sat ho og las høgt til dei. Den boka som gjorde størst inntrykk var «opiumsslavens sønn». Klara var aktiv i ulike lag, og borna fekk vera med og sat langt framme i bedehussalen. Jo eldre ein vert, jo meir ser han verdien i det mora gav. Ho var aktiv i kvinneforeining. Ho hadde mot til å engasjera seg, og fekk diplom i møteleiing. Fitjar Bygdekvinnelag fører såleis vidare ein viktig tradisjon. Evne og mot til å markera seg i samfunnet. Dette har stor betydning for dagens generasjon.
Han oppmodar til å skriva ned korleis du hadde det då du vaks opp. Korleis hadde foreldra dine det. Elles likar han å skriva ned artige ord og uttrykk frå barn og barnebarn – hugsar du Stein Kåre si forteljing om barnebarnet som spør «er det din moped?»?
Etter at lattermusklane har fått kvila, og dagens ord er lytta til, et me god mat frå Fitjar Thai, mykje blanda smågodt.
LilliAnn og Per har quiz, som for lommekjende Fitjarbuarar er «eazy peazy». Me syng Julekveldsvisa, og meskar oss med kaffi og kaker – her var noko for einkvar smak.
Medan me klappar oss på fulle magar, informerer turkomiteen om planane for årets tur. Dei luftar tankane om eit gardsbesøk i Gloppen/breim, med overnatting. Prisen vert ca 3500kr pr. pers. Dette er framleis i planleggingsfasen, men forslaget vart godt mottatt.
Me avsluttar som seg hør og bør med loddsal.
Me syng Deilig er jorden og «trillar» heim gode og mette i både kropp, sjel og sinn.
Tusen takk til komiteen som ordna så fint til for oss!
Oversikt over styret i Fitjar Bygdekvinnelag 2026, konstituert på fyrste styremøte 4.november.
Leiar Lilli Ann Drønen
Nesteleiar Ingrid Kristine Træet
Kasserar Gerd Slette Vestvik
Skrivar Linn Helen G. K. Lothe
Studiesekretær Hilde Koløen