Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Første Bygdejvinnelagsmøte dette året, godt å være igong igjen.

Solveig Hamre Fitjar Snakka varmt om Fitjar bunaden.

Mange fine gevinster.

Medlemsmøte i Peraløo 25 okt. 2021.

25 okt. 2021 var første møtet i Bygdekvinnelaget dette året. Det var godt og komme igang igjen.Det var årsmøte denne kvelden,og nytt styre vart valgt.For det om me ikkje har hatt møter dette året har laget vert aktivt. Laget har stilt opp og lagt lappekaker med ungdommane på Ope hus, i Kulturhuset. Me har hatt utflukt til Kråko, der me var ute i det fri i nydeligt vår vær Me har laga potetkaker til kafe på kulturhuset, der det var foredrag om potetfarten frå Fitjar til Bergen. Laget er aktiv med å bake rundstykker til konfirmant undervisninga i kyrkja. heile hausten og våren.

Solveig Hamre Fitjar snakka varmt om Fitjar Bunaden. Det var Bondekvinnelaget( seinare Fitjar Bygdekvinnelag) som starta opp med kurs i sying av Fitjarbunaden. Det var veldig interesant å høra Solveig fortelja om dette, Ho er 90 år og so interesert i bunader, og husker alt. Ho fortalte om korleis dei fekk tak i ullstoff ol. Ho ba oss inderlig om å ta vare på kunsten å sy bunad, og til å ha kurs. Soveig har lert mange å sy bunad, perling av brystduk og belte.  Mange på Fitjar går  nok i bunad som ho har vert med på å sy. Håper ho skriver ned til oss alt ho fortalte oss, slik att det ikkje vert gløymt.