Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Minnar om Streif på Moster 21.september

Bygdekvinnelaga i Stord og Fitjar inviterer saman med Hordaland Bygdekvinnelag til streif
på Moster Amfi.
I 2024 er det 1000 års-feiring av innføring av kristendommen i Noreg. Kristenretten vart
vedteken på Moster i 1024. Store vikingkongar har vore i land her og sett avgjerande
nasjonalhistoriske spor etter seg.
Så det er berre å hiva seg med og melda seg på.

Program;

12.00 Oppmøte ved Moster gamle Kyrkje, der guide tek i mot oss.
12.30 Alle går samla til Moster Amfi der me vert ynskt velkomne med styrkjedrikk og me vert tekne 1000 år tilbake i tid. «Frå heidendom til Kristendom»
13.00 Lunsj, Tora Mostrastong si kjærleikssuppe
14.00 Velkommen. Stord og Fitjar fortel frå deira distrikt, Steinsalen
15.00 Beinstrekk med kaffi og søtt. Høve til å gå ned i gruvetunellen
15.30 Infor frå HBK og NBK. Litt om verving, heimesider og bl.anna.
16.30 Avsluttar i nybygg og flunkande ny utstilling, «Frå makt til rett – kven har makt?»
17.00 Vel heim. Dei som ynskjer kan ta turen opp på Vetahaugen eller tusla rundt i Moster Amfi sin Urtehage

Det blir loddsal. De kan og få kjøpa dei fantastisk fine T- skjortene våre for kr 250,- Pris: Medlemmer – kr 700,- Ikkje medlemmer – kr 800,-

Bindande påmelding til tlf. 91850257 med betaling innan 4. september til Vippsnr: 550750, eller kontonr: 3546 30 41898 Hugs å merka med navn. Du er påmeld når du har betalt Håpar mange har lyst å vera med, det vert eit unikt streif – 1000 år til neste. Adressa til Moster: Tora Mostrastongv. 2, 5440 Mosterhamn