Open dag på Årskog
Også i år vart Fitjar Bygdekvinnelag bedne til å arrangere kafé på Open dag i Årskog.
Det er mykje lagsdamene får til på ståande fot!
22.september arrangerte kunturavdelinga i kommunen saman med Fitjar Husflidlag og Fitjar Bygdekvinnelag Open dag i museumslokala på Årskog.
Driftige lagsdamer stod for kafeen, og trylla fram dei deiligaste bakverk og steikte lappar til nyfikne sambygdingar som tok turen for å sjå. Gamalt handtverk, trandisjonstungt utstyr og noko godt å bita i gav kjekke timar for alle som var med.
Tusen takk for engasjementet og vel gjennomføring damer! Saman er me gode.