Open dag på Årskog Museum
Søndag 10 sep. 2023 var det open dag på Årskog museum på Fitjar, og Fitjar Bygdekvinnelag deltok slik me pleier . Me hadde kafe med salg av nylaga lappekaker, og diverse platekaker med kaffi og saft til. Dette var svært vellykka. Me delte også ut smaksprøver på heimelaga flatbrød som Ingrid Kristine Træet hadde baka. Heimelaga (bondesmør) laga av Svanhild Kloster, dette var nydeligt på flatbrødet. Det var smaksprøver på Saup, det var det ikkje så mange som viste kva det var for noko, det er den veska som vert igjen når ein kinna smør. Godt tørstedrikke ,smaker syrligt. Dagen starta med familie gudstjeneste ved Olav Oma, der det også var dåp. Det var veldig høytidelig og fint. Speidaren i Fitjar var også med, dei hadde forskjellige aktiviteter. Husflidlaget var der.