Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Rømmegrautlaging på Rimbareid skule

Tre damer frå bygdekvinnelaget var med 6a ved Rimbareid skule og laga rømmegraut frå botnen av 16.mai - akkurat i tide til 17.mai.

Elin, Marie og Linn Helen stilte som kyndige (i alle fall Elin!) rømmegrautlagarar på Rimbareid skule 16.mai. Saman med elevar frå klasse 6a, svinga me oss igang med både rømme, mjølk og mjøl. 

Det kjekkaste var å ausa vekk feittet då det slapp, og alle tre gruppene fekk godkjend mengd feitt ut av grauten. 

Sia vart det storfin servering kring fint dekka bord, og elevane åt villig vekk av både graut, spekjemat, kavring og rosiner. Saman med litt kanel, sukker og saft i glasa, vart det ei fin stund. Dei aller fleste syns grauten var god.

Me takkar for fint samarbeid. Det er alltid like kjekt å vera saman med fine elevar!