Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Somarhelsing frå leiaren

No er den perfekte sankesesongen! Ta med deg korg og godt mot, med på "kjøpet" får du frisk luft i fine omgjevnader.

Det bugnar  av blomar, bær og ville urter. Dei kan syltast, etast som dei er, turkast til te og leggast på sprit.

Er du usikker på kva "ugras" du kan bruka og kva du kan bruka dei til?

Finn deg eit par tre sortar du er sikker på. Då er det lettare å sjå dei, og vite kva du skal plukka.

Eg kan tipsa om typiske kvinneurter som gjer seg godt saman til te; raudkløver, ryllik, tunbalderbrå og marikåpe. Plukk alle med stilk, heng dei opp til tørk på ei gardinstang, og når dei er turre kan du sortera ut litt lange stilkar, knusa blom og blad lett saman, blanda godt og oppbevar på eit glas. Til hausten trekkjer du 2 ts med urter i ein kopp i 10 minutt, sil ut urtene, ha i litt rå honning og nyt.

Om du lurer på noko, ta gjerne kontakt. Eg kan ikkje alt, men eg kan mykje.

God sanking! Og framleis GOD SOMAR!

Venleg helsing leiaren Linn Helen Lothe.