Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Streif på Moster

Ein flott dag med sol og varme drog 6 damer frå Fitjar bygdekvinnelag til Moster. Der møtte me 65 andre bygdekvinner frå heile Hordaland, så me var ein stor og glad flokk som møtte til omvising i Moster gamle kyrkje. Guiden gav oss ei flott innføring i kyrkja si historie.

Etter velkomstdrikken i Moster Amfi tok guiden oss med til flunkande ny utstilling «Frå heidendom til kristendom» i nybygget. Imponerande utstilling som viste den gamle trua og vegen fram til Kristenretten (1024).

I Steinsalen vart me servert god mat, Tora Mostrastong si kjærleikssuppe, med kjempegodt heimelaga smør, brød og flatbrød. Representantar frå Stord (SBK) og Fitjar (FBK) ønskte bygdekvinnene vel møtt og hadde kvart sitt innlegg om distriktet sitt og laget sin aktivitet. Leiaren i SBK introduserte Johanne Øvstebø Tvedten som snakka om «Sterke armar og varme hender», eit foredrag  om kvinnene i Sunnhordlandsregionen for tusen år sidan. Johanne fekk stor applaus frå eit fornøgd publikum.

I pausen fekk me gå ut i hallen, og der var Johanne klar med eit nytt tema «Frå makt til rett – kven har makt?» Lover kom på banen og gjorde livet enklare for folk. Magnus Lagabøter laga lover som enda i ei landslov 1274. den er aktuell også i vår tid.

Etter luftetur med høve til å gå i gruvegangen samlast me igjen i Steinsalen til kaffi, søtt og basar. Leiaren i HBK, Liv Kolskår, takka Johanne for eit flott innlegg. I tillegg hadde ho litt info om verving, heimesider m.m. Til slutt takka ho for det gode frammøtet og ønskte oss vel heim, ein framifrå vellukka dag. Dei som hadde overskot vart oppmoda om å vitja Vetahaugen eller Moster Amfi sin urtehage før dei reiste heim.