Takk frå årets konfirmantar 🌸
I år, som i fjor, vart me invitert til konfirmasjonsfest!
Eit av dei faste gjeremåla til Fitjar Bygdekvinnelag, er å laga lunsj til konfirmasjonsundervising. Det er mange kvinner i sving - med rundstykkebaking og tillaging av eit godt måltid.
Ungdommane set stor pris på å få litt mat i magen etter ein lang skuledag, før dei skal til med konfirmasjonsundervisinga. Dette takkar dei oss for, ved å invitera dei gjeldande damene med på fest rett før dei står til konfirmasjon. Det er lystig lag i bedehuset, med song, god mat, talar og anna kjekt. Dette er FEST - der ein tek på seg finklede og det er mange flotte bunadar å sjå på ungdommane.
Tusen takk for samarbeidet i året som har gått!