Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Tur til Hardanger, Elin fortel

Tysdag 27.august samlast ein fin gjeng til tur skipa av Fitjar Bygdekvinnelag.
Elin fortel;

Me var 46 personar som var på busstur med FItjar Bygdevkinnelag i går, rundtur i Hardanger. 
Første stopp var Åkrafjordtunet, der me kunne handla litt forskjelligt for dei som ville det.
Me fekk lunsj pakke i bussen med nytrekt kaffi til, dette stod buss sjåføren for, det smakte nydeligt.
Så for me vidare til Odda der me fekk guid med oss før turen gjekk til Agatunet, der var det mykje historie å høyra om, og ein nydeleg plass.
Vidare vart det besøk på Aga sideri, her fekk me smaksprøver på cider, og dei som ville kunne handla cider med seg heim.
Det var utruligt vakkert syn å sjå alle eplene som hang på trea.
Etter det var det tid til å sitja kursen mot Mauranger og Olaløo, der me fekk servert ei aldeles nydelig betasuppe med brød til, og sviskedesert.
Været kunne vert bedre, men alle koste seg på tur denne dagen.
God stemning i bussen med høgtlesing og mykje god historie frå plassane me køyrde gjennom.
Ein kjekk og blid sjåfør!