Årsmøte
Fyresdal bygdekvinnelag hadde årsmøte i Gamlestog på Greivstad torsdag 21. oktober.
15 damer var samla til årsmøte, årsmeldinga syner god aktivitet, tross korona. Vi har fremdeles god økonomi, eit overskot på ca. 3000,-, og 75.000,- på konto.
Valkomiteen hadde gjort ein god jobb, så nytt styre blei valgt, Gunlaug B. Kiland held fram som leiar, med seg i styret får ho Kari Lassemo, Inger Angell, Siv S. Seltveit og Eva Greivstad.
Vi hadde bestilt ost og kjeks frå Spar, Gunn og Kari hadde baka kake, og vi hadde loddsal med mange gevinstar, inntekta på loddsalet dela vi mellom Guatemalaprosjektet og laget.