Om oss

Fyresdal Bygdekvinnelag vart stifta i 1938 og er eit aktivt lag som arbeider mot måla i Norges Bygdekvinnelag. - å samle kvinner som ser nytten av aktive bygdemiljø og primærnæringane - vere ein partipolitisk nøytral organisasjon som skal ivareta kvinnene og bygdefolket sine kulturelle, sosiale og økonomiske interesser - lagets arbeid bygger på likeverd, demokrati og kristen kulturarv Laget vårt har rundt 40 medlemar. Vi samarbeider med andre lag og organisasjonar i kommunen. Medlemsmøta våre er alltid opne for alle. Vi held ulike kurs t.d. innan handtverk og matkultur. Vi har starta ein møtearena for kvinner som vi kallar for «Oss kvinner imellom». Vi tek vare på kultur og tradisjonar m.a. gjennom faste årlege utstillingar.

Bli medlem