Hopp til hovedinnhold

Fyresdal Bygdekvinnelag

Detalj av sylv og bruredalar

Malerull

Brurelad

Brurebunad frå Vest Telemark


Går du i giftetankar, eller kjenner du andre som gjer det ................


Fyresdal bygdekvinnelag har ein flott brurebunad som vi låner ut, eit flott, tradisjonsrikt og rimeleg alternativ til brurekjole ......................

Bunaden har raud stakk, kvitt liv og kvitt forklede. Det høyrer og med sylv og ein malrull som hovudpryd, alt dette ser de på bilda. 

I tillegg er det mogleg å leige brurelad (hovudplagg) og brudedalar (eit lekkje med tre gamle sylvmyntar og kalla Agnus Dei eller hengepenning), desse er i privat eige men kan leigast saman med bunaden.

Bunaden var ferdig i 1994, den er brodera av Karen Garmo frå Fyresdal og montera av Bjørg Fetveit frå Vinje. Skjortelinene er sydd av Birgit Johannesen frå Fyresdal og skjorta er sydd av Astrid Snarteland frå Fyresdal. Alt sylvet er laga av gullsmed Geir Birger Aslestad frå Fyresdal. Malerullen blei laga noko seinare av Gro Greivstad og Astrid Snarteland frå Fyresdal.

Bunaden kan tilpassast i både "breidde og høgde" og bygdekvinnelaget har ei fink "sydame" som tek seg av dette.

Vi tek eit depositum på kr. 5.000,- i sikkerhet i tilfelle bunaden skulle bli skada eller noko av sylvet mista.

Er du interesert ta kontakt meed Ellen Margrethe Garn på tlf. 91871829 eller e-post ellen.margrethe@kilegrend-hytter.no

 

Bilda i artikkelen er tekne av Kristine Slyngstad, og "bruremodell" er Anne Snarteland.

 

Vil du vite meir om brurebunad frå Vest Telemark så anbefalar vi Aagot Noss sine bøker; "Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest Telemark" og "Lad og krone - frå jente til brur"