Hopp til hovedinnhold

Fyresdal Bygdekvinnelag

Alt klart til grautsalet
Årets utstilling "Kokebøker og kakeboksar"

Bygdedagen

Laurdag 4. juni var det Bygdedag att, og bygdekvinnelaget var med med sal av romegraut og opning av sommarutstilling.

Det blei ein fin bygdedag, fint vêr og mykje folk.

Bygdekvinnelaget hadde som tidlegare grautsal, tross varmt og fint vêr ville "alle" ha graut, og vi solgte 84 kg.

I lokala til Wenche's terapi på "by'n" opna vi årets sommarutstilling "Kokebøker og kakeboksar" vaktene meldte om svært godt besøk. Utstillinga er open kvar laurdag i skuleferien.