Hopp til hovedinnhold

Fyresdal Bygdekvinnelag

Margit demonstrerar korleis ho tek ut rupebrysta

Margit demonstrerar korleis ho tek ut rupebrysta

Fisk og kjøtt

Fisk og kjøtt

Matkurs med Margit Dale


For ein fin dag vi hadde med Margit Dale, matkurs med lokale råvarer og gode oppskrifter.

14 heldige bygdekvinner fekk matkurs med Margit Dale.

Vi bidrog sjølv med fantastiske råvarer, ikkje bare kortreiste, men ureiste. Det var aure, røye, rupur, rein, elg, mandeljordeple, jordskokk, pærer, eplemost, tyttebærsaft og ulike urtar.

Vi laga så mykje godt, Margit hadde med mange gode oppskrifter til oss. Sjølvsagt avslutta vi kurset med eit felles måltid der vi smaka på alle dei gode rettane.

Etter kurset invitera vi til ope foredrag der Margit fortalde om "Setesdals kulinariske skattkammer" og vi serverte smaksprøver frå kurset. Det kom 35 på foredraget i tillegg til kursdeltakarane