Tur til Austre Nape
Torsdag 9. juni var vi 15 stykker på tur til den flotte heigarden Austre Nape.
På Nape blei vi tekne imot av Helge Momrak, vaktmester og "altmoglegmann" for J.B.Ugland som eig Austre Nape.
Helge synte oss rundt i dei fleste husa på garden, og det er ikkje få, og fleire kjem til om ikkje lenge. Totalt er det 40 sengeplassar her inne, vi var rundt i fleire av husa å såg. Det er lagt ned mange millionar her og resultatet er fantastisk flott.
Vi avslutta med mat, kake og kaffe oppe i 2.etg. på løa.
Takk for turen til alle som blei med, til Helge som synte oss rundt og til Ugland som lar oss kome