Hopp til hovedinnhold

Fyresdal Bygdekvinnelag

Samla på toppen klare for å skrive i boka.

Samla på toppen klare for å skrive i boka.

Matlaging i gapahuken

Matlaging i gapahuken.

Kaffe i kjelen og lappar i panna.

Kaffe i kjelen og lappar i panna.

Lappar med nyreørte blåbær og nypiska trollkrem.

Lappar med nyrørte blåbær og nypiske trollkrem.

Skogens gull.

Skogens gull.

Utsikt mot sentrum.

Utsikt mot sentrum.

Hegglandsgrend og Åslandsgrend

Hegglandsgrend og Åslandsgrend

Solnedgang.

Solnedgang.

Tur til Hegglandsnetten

Ein fantastisk kveld på Hegglandsnetten.

Torsdag 15. september inviterte bygdekvinnelaget på tur til Hegglandsnetten. Dette var det fjerde og seiste arrangementet i prosjektet "Bygda i bevegelse". I vinter var vi på skitur i Birtedalen, i vår gjekk vi ein rundtur frå gapahuken til 4H i Breivik, i sommar hadde vi ein tur i Hamaren med grilling i Bryggeparken og så avslutta vi nå med tur til Hegglandsnetten.

Vi gjekk frå Haugheia og undervegs til toppen plukka vi både tyttebær og blåbær som stod på menyen seinare på kvelden. Det var ein nydeleg kveld, uvanleg varmt og godt. 

Då  vi kom til topps fyra vi i bålpanna og hadde mange ulike rettar. Proteinlappar, pannekaker, nyrørt blåbærsyltetøy, trollkrem piska på dugnad, blåbærkake, steikte kantarellar, kaffe og rå tyttebærsaft. 

Vi fekk med oss ein fantastisk solnedgang og då vi starta på heimturen kom fullmånen opp, fantastisk. Vi var tilbake ved bilane i det mørket kom kl. 20.30.

Takk for turen !