Kvinners helse
Kvinner og helse - med enkle prioriteringar kan me leggje til rette for at kroppen vår kan gje oss meir, begrense oss mindre og glede oss lenge!
Onsdag 13 mars klokka 1900, får me besøk av Kjersti Skrikrud frå Porsgrunn. Kjersti har 35 års erfaring i å undervise born og vaksne i fysiske aktivitetar, ernæring og livsstils aktivitetar.
Tema for foredraget er : Kvinner og helse, og Kjersti vil fokusere på at me ved enkle prioriteringar kan leggje til rette for at kroppen vår kan gje oss meir, begrense oss mindre og glede oss lenge!
I fellesskap skal me ta for oss nokre typiske utfordringar som kjem snikande på oss i vaksen alder slik som; stressa musklar i nakke og skuldre, dårleg pust, for lite væske og dårlegare basal forbrenning.
Og me skal få tips og praktiske løysingar for å forebyggje og å reparere.
Me skal lære at det er viktig å sukke, og glede oss over at me er så heldige at me kan bevege oss, litt eller mykje, og og at det er heilt fint å ikkje vera perfekt. For å vera perfekt er nokså slitsamt!
På toppen av alt skal me ha hatter på hovudet, blomar i håret og så skal me lè mykje!
Og så får me besøk frå Solum Bygdekvinnelag!
Kom - kom til Nærum denne vårkvelden i mars !