Kjemikaliefri heim
Vil du lære å lage dine eigne produkt? Miljøvenlege, kjemikaliefrie, berekraftige og ikkje minst - mykje billegare!
Som ein del av Norges Bygdekvinnelag sitt prosjekt Nøysam, inviterer Gossen Bygdekvinnelag til til kurs / workshop der vi skal lage våre eigne kjemikaliefrie produkt:
- Kroppsskrubb
- Skurekrem
- Multispray
- Sølvpuss og andre tips til kjemikaliefri reingjering
Kjemikaliar finst i mykje av det vi omgir oss med. Ikkje alle er like skadelege, men det kan vere mange langtidsverknader vi ikkje kjenner til i dag.
Det finst mellom anna ei heil mengde ulike vaskemiddel på marknaden. Mykje av dette kan ein lage av ting ein allereie har heime hos seg sjøl. Å lage sitt eige vaskemiddel kan spare miljøet - og det kan spare deg for pengar. Sitron, eddik, natron, bakepulver og salt kan brukast til så mangt!
Kurset / workshoppen er gratis og passar for ungdommar, unge vaksne og vaksne
Gratis sprayflaske til alle deltakarar, men dei som melder seg på tar med to små glas med lokk til skurekrem og kroppsskrubb.
Enkel servering / utlodding av miljøvenlege produkt
Velkomne til PROSJEKT NØYSAM og kjemikaliefri heim!
Arrangør: Gossen Bygdekvinnelag