Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Førjulstreff 2023

Stor oppslutning om årets førjulstreff på Gossen

Trivsel i bygda er som alltid mottoet når Bygdekvinnene inviterer til sitt årlege førjulstreff, slik dei alltid har gjort sidan det første førjulstreffet i 2016. Det er alltid stas å møtast på kulturhuset ved inngangen til advent for å markere at førjulstida i gang. Med Røaelva band med på laget vart det både julesangar og anna fin musikk frå Soltun scene. 

Rødelva band

Sjølsagt kunne Bygdekvinnene også by på eit stort utval av tradisjonsbakst og anna julematmat til kaffien, så her var det nok 7 sortar og meire til å forsyne seg av.

JulebakstKafédame

I tillegg kunne ein også ta turen innom Bygdekvinnene si eiga  julegåvebod. Her var det eit variert utval av små og litt større heimelaga ting, som kunne bli fine julegåver til små og store. Masse fint var det også på gevinstlista til lotteriet, ikkje minst var det flotte hekleteppet ein populær gevinst. 

JulegåvebodaTorgdagslotteriet

Takk til alle som kom og gjorde førjulstreffet 2023 til den trivelege stunda det vart dette året også!

Førjulstreff