Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Førjulstreff og loppis med bunader og festkle

Nytt av året - førjulstreff med loppis og ballkjolar

Med julas tradisjonsmat på bordet var alt klart til årets førjulstreff og ei triveleg stund med kaffikoppen og ein liten forsmak på jula.

Tradisjonsmat

Fin julemusikk og sang av Røaelva band, samt ei Prøysenforteljing flott formidla av Marit Rønstad høyrde også med då Bygdekvinnene inviterte til førjulstreffet 2022.

Marit lesere PrøysenRøaeølva band

Bygdekvinnene si eiga julegåvebod var ein fin plass å stikke innom. Her var det litt av kvart som kanskje kunne bli ein julepresang til liten eller stor? 

Julegåveboda

Lotteriet var også verdt eit besøk. Mange fine gevinstar her!

GevinstarLotteri

Det aller nyaste innslaget dette året var loppisavdelinga med ballkjoler og festklede som vart høgtidleg opna på dette førjulstreffet. Kanskje vart ein av dei heldige som fann akkurat den ballkjolen du ønska deg - heilt ny for deg, men til ein langt hyggelegare pris enn i butikken! 

Opning av loppis

BallkjolBallkjole

Tusen takk til alle som deltok og alle som kom og var saman med oss på førjulstreffet 2022 - vårt bidrag til trivsel i bygda i førjulstida🌺🌿🌸 Dette var også vårt første førjulstreff i det nye kulturhuset.