Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Gossen Bygdekvinnelag og Romsdalsløypa 2026

Romsdalsløypa er ei rekkje aktivitetar for barn i Aukra frå barnehage til dei går ut av grunnskolen. Gossen Bygdekvinnelag deltar i Romsdalsløypa. Å lage tradisjonsmat med bygdekvinnene er ein av tre aktivitetar i 6. klasse ved Gossen barne- og ungdomsskole. 

Målet for Romsdalsløypa er å gi barna våre god og nyttig kunnskap om lokalsamfunnet, bygge identitet og lære dei å vere stolte av røtene sine og kjenne tilhøyrsle til Aukra og Romsdal når dei går over i vaksenlivet. 

Tysdag 26. mai troppa 5 bygdekvinner opp på skolekjøkkenet for å lære 6.klassingane å bruke kjevla og lage havrekjeks, eit prosjekt damene gleda seg til.

 Lage deig, kjevle, stikke ut og steike kjeks. Med gode læremeistrar gjekk det leikande lett!

Skikkeleg stolte over resultatet!

Til slutt fekk alle smake på baksten, og havrekjeksen smakte kjempegodt! Stas for elevane var det og å få med ein pose med sjøllaga kjeks heim! 

Bygdekvinnene var fulle av lovord over dyktige, interesserte og arbeidsame elevar – her var det både kjekt og meiningsfullt å få vere læremeistrar. Matlaging frå grunnen av, tradisjonar og tradisjonsbakst - ein fin dag i lag med 6. klasse på Gossen barne- og ungdomsskole.