Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Innviingsfest Bygdastauå

Onsdag 28. mars 2023 var alt klart for fin fest og offisiell opning av nye Bygdestauå. Bydekvinnene var kjempestolte over sjølve å ha pussa opp heile lokalet, så no var det tid for offisiell opning av lokalet med fin fest, inviterte gjestar og snorklipping.

Vår kjære ordførar Odd Jørgen Nilsen syntes det var stor stas å klippe snora saman med med eldste og yngste medlem i laget, der eldste er 90 år og yngste er 32 år. 

Blomster frå ordføraren

Ordføraren overrekte også blomster til leiaren av laget. Her vanka det mange godord til laget vårt. - Ein super gjeng som har vist oss at frivilligheita kan blomstre etter pandemien, var litt av helsinga frå han.  

Historia til lagetFest

På programmet stod også eit lite innblikk i historia til laget fortald av Eva Husøy og Oddbjørg Rød - begge medlemmar av laget i mange tiår. Den nye storskjermen vår i Bygdestauå vart også innvia med ein PP, der vi fekk sjå tilbake på mange av dei flotte aktivitatane i laget vårt.

På menyen denne kvelden kunne du finne alskens godsaker som spekemat, røykalaks og eggerøre, mange gode salater og godt brød - alt laga av Bygdekvinnene sjølve. Etterpå vart det kaffi og kake, og som vanleg på alle medlemsmøta hadde vi også loddsal med fine gevinstar i pausen. 

Dagens festbordFestkake

Eit flott innslag i kveldens program var også då vår eiga Bygdekvinne, Maja Julnes stilte med fin sang til akkompagnement av Jens Petter Kjøll på keyboard.  Andre gjestar denne kvelden var kommunedirektør Gerd Marit Langøy, kultursjef Anne Jorunn Sandøy, som også bidrog med helsingar til laget. 

Maja og Jens PetterKommunedirektør

Vi avslutta kvelden med ein quiz, som også alltid er populært når Bygdekvinnene møtest til fest. 

QuizQuiz

Kvelden oppfylte alle våre ønske om ein fin innviingsfest - dette vart ein staskveld for oss alle! No er vi i gang i våre nye lokaler, der Aukra kommune generøst har tildelt oss onsdagane som vår dag i Bygdestauå. I tillegg har vi også fått eit eige rom til vevstova vår i bygget.