Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Fin desemberkveld på Gossen Foto: Randi Navestad

Julehelsing fra Gossen Bygdekvinnelag


Styret i Gossen Bygdkvinnelag ønsker alle ei riktig god jul og eit godt nytt år! 
Vi takkar alle Bygdekvinnene for innsatsen, og vi takkar alle som har støtta oss og inspirert oss til å bidra til trivsel i lokalsamfunnet vårt.
Ikkje alt blei slik vi hadde tenkt i dette annleisåret. Då gjeld det å tenke på alt det fine vi likevel fekk til og kose oss med dei gode minnene frå 2020.


 


Foto: Randi Navestad


Foto: Randi Navestad

Vi ser framover og gler oss og til nytt Bygdkvinneår! No håper og trur vi det nye året blir meir slik det var før Covid 19, at vi kan møtast fritt, vere i lag som før og kanskje og få dele ein klem når vi møtest.

Lyset kjem tilbake slik det står i diktet vi deler nokre vers frå her.

Alt blir betre - det gler vi oss til!

Desemberdikt

Det er no i den mørke tida

ein hugsar og kjem på

at lyset vil komme tilbake

at bonden igjen skal så.

Det er no i desember

ein tenkjer på kvar ein står.

Det er no i desember

ein hugsar at det ventar ein ny vår.

Men det er òg no ein hugsar

at livet er så altfor kort.

Det er no ein må prøve å hugse

på alt ein ønskjer å få gjort.

Det er no i desember

ein kan sjå lette snøfnugg sveve,

som smeltar og blir borte så lett.

Det er no ein må hugse å leve.

Jens Haugan

God jul til alle!