Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Medlemsmøte med besøk av Krisesenteret for Molde og omegn

Orientering om Krisesenteret for Molde og omegn og om vold i nær relasjon var kveldens hovedtema

Dagleg leiar v. Krisesenteret for Molde og omegn June E. Obam og Marit F. Paulsen, som også arbeider ved krisesentert, var våre gjestar denne kvelden. Krisesenteret  fekk ei pengegave frå Gossen Bygdekvinnelag før jul. Som takk ville dei kome og fortelje litt om krisesenteret og arbeidet deira. Det vart ein interessant kveld til ettertanke for oss alle. June Obam kunne også fortelje at Bygdkvinnene sitt bidrag går til kvinneavdelinga på senteret. «Hjelp frå kvinner til kvinner».

Interessant foredra

June Obam og Marit Paulsen fekk som takk for interessant foredrag med seg ei lita gåve frå Bygdekvinnene. Havsalt frå Havsnø, raude sjokoladehjarte, sidan det var Valentinsdagen, og gode ord vart overrekt dei av Katrine.  

Marit PaulsenTakk for interessant foredrag!
Ein triveleg kveld med gjestar frå Molde, nokre medlemssaker, nydeleg mat og ikkje minst innviing av dei nye årane med trekking av flott innpakka gevinstar. Stor stas til jubel frå glade vinnarar.

Deilig buffetInnviing av nye årarFlotte gevinstarGod mat