Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

NordPlus - eit utvekslingsprosjekt i vern av den immaterielle kulturarven

Frå 6. - 8. september 2022 var Gossen Bygdekvinnelag og Vassenden Bygdekvinnelag vertskap for gjestar frå Latvia og Finland - eit samarbeidsprosjekt om vern av immateriell kulturarv i regi av Norges Bygdekvinnelag og NordPlus.

Strålande sol, blå himmel og nydeleg haustver møtte gjestane då dei kom til vakre Romsdalskysten - ei fantastisk ramme rundt gjenbesøket i vårt land. Gossen Bygdekvinnalg besøkte nemleg Finland i mars og Vassenden var i Latvia litt seinare på våren.

Tysdag var første dagen av besøket og Gossen sin dag til å vere vertskap. Med malepensel og flotte fargar vart små steinar frå fjøra til små kunstverk då vi besøkte Aukra kulturskole. vår. Her gjekk praten lett og tonen vart raskt lagt for ein triveleg dag i lag. 

NordPlusNordPlus

Neste på besøkslista var North Sea Saltworks. Nancy møtte oss ute for å vise kvar saltet er henta fra før ho entusiastisk tok oss med gjennom heile prosessen frå saltet i sjøvatnet til saltet du kan kjøpe i butikken. Interessant fra start til slutt! Marcus var også ein god læremester.

HavsnøHavsnø

Neste stopp var Løvikremma kystgard og museum. Her venta varm lunsj med loff og heimelaga flatbrød. Smakte fortreffeleg i godt selskap!

Løvikremma

Med Oddbjørg som god representant frå Gossen Bygdekvinnelag og erfaren lefsebakar vart det stor stas å bake tjukklefse på Løvikremma. Christine fra Latvia var tydeleg stolt over å meistre takkebaksten! Dette var gøy!

Petra fra Vasa lot seg også begeistre over kunsten å bake lefse, og du verden så godt det smakte til kaffien etterpå. Fantastisk, og ikkje ein vanleg bakst i Finland.


TakkebakstTakkebakst

Somjai tok utfordringa med å lage nydeleg kamskjel på strak arm. 

KamskjelFylte krabbeskjell

Krabbe, kamskjell, sjøkreps, reker, gode salatar og loff - eit fantastisk måltid etter ein strålande fin sommardag på Gossen.

Havets festbord

Kvelden vart avslutta med bading i nydeleg solnedgang på Horremsleira.

Kveldsbad