Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Prosjekt Nøysam med sy-lan på Gossen

Sy-lan var Gossen Bygdekvinnelag si andre satsing i prosjekt NØYSAM - eit prosjekt med fokus på gjenbruk, redesign og berekraft i regi av Norges Bygdekvinnelag

Laurdag 9. november møtte 8 jenter og 6 bygdekvinner opp på tekstilrommet på Gossen barne- og ungdomsskole, der alt var lagt til rette for både bøting, lapping, fiksing og redesign. 

Skal bli handlenettApplikasjon
Dei påmelde hadde med det dei vil redesigne eller fikse på, eller dei hadde med gamle dongeribukser, andre klede eller stoff dei kunne gjenbruke til noko nytt. Bygdekvinnene stilte med symaskiner, sytilbehør som glidelås, vatt og vliselin.  Alt var arrangert på tre ulike stasjonar, der to bygdekvinner var syhjelparar på kvart sin stasjon.

Systasjon

Nokre sydde handlenett, nokre sydde toalettmapper medan andre igjen reparerte og fornya klede fra tidleg formiddag til langt utpå ettermiddagen. Alle var så ivrige at dei nesten ikkje rakk å forsyne seg av dei bugnande fruktfata som var sette fram.

Det var tydeleg stolte jenter som gjekk heim med sine sjølvlaga og redesigna handlenett og toalettmapper, ei dongeribukse som fekk nytt uttrykk med flott sleng eller ei lang dongerijakke som vart omsydd til ein kortare versjon og med applikerte stjerner på både jakke og bukse.

Sy-lanet denne laurdagen vart ein lærerik, gøy og veldig inspirerande sydag for både jentene og dei vaksne som var med. At utnytting av ressursar vi alt har og som lett kan fiksast på eller gjerast om til nye plagg eller noko anna nyttig er dessutan svært berekraftig - ei nyttig påminning for oss alle!

Ein lærerik og nyttig sydag