Ramsløktur i Torbjørn sin hage
Nydeleg kveldssol kasta glans over rundturen i den frodige hagen til familien Skomsø denne vakre maikvelden. Interesse for å sanke av naturens nyttevekstar brakte ei gruppe ivrige Bygdekvinner hit for å sjå og lære meir av Torbjørn.
Torbjørn viste fram den flotte ramsløken han planta for 4-5 år sidan. Ramsløken trivest godt i litt skygge.
Mange små ramsløkspirar rundt den store ramsløken i blomst. Foto: Kjellaug Urdshals
Interessen for "Nordens kvitløk" er stor for tida, så Bygdekvinnene syntest det var stas å få med ei rot heim til eigen hage. Litt gode tips til bruk fulgte og med.
Oddny og Helga skal plante ramsløk heime i hagen sin. Foto: Kjellaug Urdshals
Randi har også trua på ramsløk i hagen. Foto: Kjellaug Urdshals
Marianne har sansen for ramsløk i mange spennande rettar. Foto: Kjellaug Urdshals
Bygdekvinnene vart og nysgjerige på den flotte løpstikka Torbjørn hadde i hagen. Ny og spennande smak i både salat og suppe, så også nokre røter fra denne vart med heim fra denne hagevandringa.
Løpstikke er ei kraftig og dekorativ plante i hagen. Den kan og brukast i salatar og supper. Foto: Kjellaug Urdshals
Hanne Katrine fekk også med seg ei sjokolademynte heim. Foto: Kjellaug Urdshals
Med urter, planter og natur som hobby var det mykje Torbjørn kunne vise interesserte Bygdekvinner under rundturen i hagen. Ein dam med gullfisk og plantar, bonsaitre han sjøl har forma over fleire år og vakre epletre i blomst - ikkje rart vi vart litt imponerte!
Hagedam med gullfiskar og bekkeblom. Foto: Kjellaug Urdshals
Bonsaitre med lite lønnetre i forgrunnen. Foto: Kjellaug Urdshals
Epletreet er forma for å vere lite - lett å stelle og lett å hauste frå. Foto: Kjellaug Urdshals
Takk for at vi fekk kome, og takk for ein triveleg og lærerik kveld fra oss alle!