Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Redesign med Lisbeth

Redesign med Lisbeth var tema på årets første møte i Gossen Bygdekvinnelag - ei fantastisk stund til stor inspirasjon for alle som møtte fram og fylte Bygdastauå til randen denne kvelden

Kjolar, festdrakter, jakker og vesker i alle fasongar og fargar sydd av brukte brokadegardiner, dukar, gamle sengeteppe, dongerijakkar, skjorter, broderte puter, antikke blondar og band er Lisbeth Stavik Tautra sitt svar på å kjøpe nytt!

Redesign kjoleRedesign kjole

Gamle stoff av bomull og lin går igjen i Lisbeth sitt kjoleunivers. Her er det mykje spennande og av god kvalitet å finne om du leitar i bestemor sitt hus, går i bruktbutikkar eller kanskje har du alt noko heime hos deg sjølv å sy om.

"Brukt er best" seier denne designerdama. Og i alle fall - det er både billegare, spennande og ikkje minst berekraftig!

Så tusen takk for alle gode idéar og eit flott inspirasjonsforedrag, Lisbeth🌺 og takk til alle som kom og bidrog til den trivelege kvelden dette vart🌺🌿🌸🌿🌼🎼

PS! Den gule kjolen med ditto veske Lisbeth har på seg er sydd av to brokadegardiner fra hennes "mormorhus" på Harøya🌼

Distriktslag i Møre og Romsdal Norges Bygdekvinnelag

Gossen bygdekvinnelag

Redesign med Lisbeth