Torgdagen 2021
Endeleg var landet opent igjen etter pandemi og nedstengt land, og Gossen Bygdekvinnelag kunne ønske velkomen til ein ny torgdag på Løvikremma kystgard på Gossen🍎
Torgdagen 2021 vart ein flott dag med mange utstillarar både fra øya vår og distrikta rundt oss. Her var det både lefser, kransekake, brød og andre bakevarer, havsalt, honning, sjokolade, sild, fisk og andre delikatesser fra havet, grønnsaker, syltetøy, gele, kjøt og mykje anna godt - alt fra lokale produsentar. Også i Bygdekvinneboda var det mange godsaker laga av Bygdekvinnene sjølve.
Utlodding hadde vi og med mange flotte gevinstar både fra utstillararane og lokale sponsorar. Sjølv stilte Bygdekvinnene med eit fargerikt lappeteppe strikka i løpet av pandemitida når dei innimellom fekk møtast til formiddagstreff i små grupper.
Bygdekvinnene stilte sjølsagt også med sitt store kakebord i det nye teltet sitt til stor glede for alle som fann vegen til Løvikremma denne dagen.
Lydmann og trubadur Johnny var god å ha på ein torgdag. Ja, så kjekt var det at somme til og med vart frista til å ta seg ein svingom på tunet når Johnny trakterte trekkspelet. Kuturinnslaget med elevar fra Aukra kulturskole sjarmerte også alle.
At Gossen Musikkorps opna Torgdagen med feiande tonar kasta også glans over denne torsdagen - ein fin tradisjon vi er takknemlige for.
Våre gode samarbeidspartnar Gossen Motorklubb stod for parkeringa - supert utført også denne gongen!
Kjekt å kunne møtast etter så lang tid med pandemi og lite sosialt🥰 Til og med fint vér fekk vi på Torgdagen, så alt gjekk etter planen! Flott oppslag i lokalavisa fekk vi og!