Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Frå kafételtet, torgdagen 2023

Frå kafételtet, torgdagen 2023

Torgdagen 2023

Laurdag 16. september arrangerte Gossen Bygdekvinnelag torgdag på Gossen, også denne gongen på Tusenårsplassen i sentrum

Som alltid er det Gossen musikkorps som opnar torgdagen med feiande tonar - så også dette året.  Etter det kunne folk kan rusle rundt og handle lokal og kortreist mat fra dei mange salsbodene, besøke Barnas telt, ta ein tur innom Baklukeloppisen, nyte kaffi og gode festkaker i kafételtet eller la seg friste av rømmegraut eller pølser med brød inne i Bygdastauå. 

Gossen musikkorpsTorgplassen

Monica & britJuviksild

Maskotten Balder var ny av året, ein skikkeleg kosehund, populær både blant små og store. Populært var også Barnas telt med lykkehjul, leikar og aktivitetar for dei yngste. Kjekt å kunne vinne seg ein bamse eller ein annan premie! Nytt av året var også Baklukeloppisen, der folk opna bakluka på bilen sin og selde masse spennande - alt frå klede til koppar og kar. 

Maskotten BalderBarnas telt

Underhaldning kunne vi også by på. Trio Julsundet opptrådde med fleire sangar og var eit flott innslag på torgdagen frå Aukra kulturskole,  Sist, men ikkje minst var Rødelva Band med oss i år også.  Med mange fine klassikarar på repertoaret skapte dei triveleg stemning på torgplassen. Ja, til og med var det nokon som tok dansefoten på alvor og svinga seg bilglade tonar! 

Elevar frå Aukra kulturskoleRødelva Band
Torgdagen 2023 var den fjerde i rekka. Neste år blir det femte året og jubileum, så det må markerast! 
Med den store suksessen årets torgdag vart, gler vi oss til å invitere til torgdagen 2024!

 

Takk! 
Stor takk til våre gode samarbeidspartnar Gossen Motorklubb som hjelpte oss med både å rigge og ta ned telt! Dei har vore med oss sidan vi arrangerte vår første torgdag i 2019. - Dåkke e´ supre å ha på laget!

Andre som er med oss på togdagen er elevar fra Gossen barne- og ungdomsskole. Dei er medhjelparar i Barnas telt og i pølseboda. Som takk får dei eit bidrag til klassekassa si til skoletur etter 10. klasse - kjekt å ha dei med!