Tradisjonsmat til jul
Sying av lammerull - ein fin førejulsaktivitet i Gossen Bygdekvinnelag
Ein av aktivitetene i eit bygdekvinnelag er å ta vare på gamle tradisjonar i matlaginga vår. Å sy lammerull til jul er ein slik god, gammal tradisjon også her på øya. Gossen Bygdekvinnelag inviterte difor til å sy lammerull i lag for første gong før jul i 2021. Den gongen møttest vi i skolekjøkenet i gamle Riksfjord skole.
Sidan har det blitt ein fin tradisjon kome saman, nyte ein gløgg med peparkaker til og sy lammerull - ein triveleg aktivitet å vere i lag om i førjulstida! Dessutan smakar lammerull kjempegodt på god gjærbakst til jul!
I 2023 flytta Gossen Bygdekvinnelag inn i nye lokaler i gamle frivilligsentralen i sentrum av øya, så no er det der vi møtest for å sy lammerull.