Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

VÅR DAG - frivilligåret 2022

Gossen Bygdekvinnelag med ungdomsdisko og tradisjonsmat i Aukra kulturhus

VÅR DAG innfridde alle våre forventningar! Det vart ein super kveld saman med alle dei blide og trivelege ungdommane frå Gossen og Julsundet på ungdomsdiskoen denne kvelden. Sound Base frå Molde skapte stor stemning med lys og diskorytmer gjennom heile kvelden - dette var show! Kjekt å sjå at ungdommane hadde det så gøy🌺🌿🌸🎼 
Diskokveld

Tradisjonsmaten Bygdekvinnene serverte var vaflar, men med ein ny vri! Med salat, jordbær, paprika, egg og laks eller skinke vart det eit sunt og godt alternativ til pølse med brød på diskokvelden. Litt uvant, men tydeleg at mange likte den nye vrien! 
Vaflar med ny vriTradisjonsmat med ny vri på diskokvelden

Gossen Bygdekvinnelag takkar Aukra Kommune for å stille med lokale i det nye, flotte kulturhuset vårt, organisere vakter og skaffe natteramnar. Eit flott samarbeid til ein trivselskveld for ungdommane våre!

Takk også til sponsorane våre, Sparebanken Møre og GassROR IKS, for støtte til VÅR DAG!

Dette vart ein staskveld!