Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Verdas matvaredag 2020

Verdas matvaredag - Bruk heile dyret


Bygdekvinnene vart tatt godt i mot av ein engasjert 9. klasse ved Gossen barne- og ungdomsskole, og begeistringa var stor då klassen fekk overrekt eit heilt lam til partering frå Gossen Bygdekvinnelag. 

Bygdekvinnene hadde gode medhjelparar på laget denne dagen. Det var bra, for heile trinnet var samla i skolens kantine til Verdas matvaredag - dette skulle alle få vere med på!

Lår, sadel, indrefilet og ytrefilet - flotte råvarer blir her  trylla fram under kyndig rettleiing av kokken på skolen. Noko skal malast opp til kjøtdeig og nokre filetar skal bli til gyros og kebab. Tradisjonsmat og rettar av nyare dato er på planen framover - i haust blir det lam på menyen! Dessutan er klassens friluftsgruppe heldige - dei får eit heilt lammelår til kokegropa.

Mange av elevane ville meir enn gjerne prøve seg på partering av lam, så då var det godt at ein lærar og jeger også stilte velvillig opp som medhjelpar denne dagen. Det er fint å få hjelp av ein som kan når ytrefileten skal skjerast ut.

Dette vart ein spennande dag på skolen og nokre heilt spesielle timar i mat og helse. Her vart det både djupnelæring og elevmedverknad - midt i blinken etter fagfornyinga, uttalte ein begeistra lærar i mat og helse.

Det vart ikkje mykje tid til matlaging denne dagen, så Bygdekvinnene stilte opp med smaksprøve av Lammegryte med rotgrønsaker. Det var stor stas - lammegryta var kjempegod! Her vart det spørsmål om påfyll på tallerkenen og tommelen opp frå elevane!


Bygdekvinnene kunne kvittere ut ein heilt fantastisk dag på skolen. Dette vart ei flott markeringav Verdas matvaredag og Bruk heile dyret. Elevane har fått sjå kor mykje god mat vi kan lage av lam. Dei har og fått høyre om oldemor som nytta alt av lammet som kunne nyttast til mat. Det er viktig og berekraftig - også i dag! 

Målgruppa var midt i blinken - dei flinke og interesserte niandeklassingane imponerte! 

Her er oppskrifta på lammegryta Bygdekvinnene serverte på Verdas matvaredag:  Lammegryte med rotgrønsaker