Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Vevstova vår

VEVKURS🌼
Med ny glød og ein god tradisjon for veving inviterte Gossen Bygdekvinnelag til sitt første vevkurs i ny vevstove i Bygdastauå🌺🌿🌸

Vevkurset var på 12 timar og gjekk over to dagar, laurdag 25. og søndag 26. februar 2024. Siri Myrseth, ansvarleg for Romsdalsmuseet si vevstove, var kursleiar. 6 deltakarar var påmelde.  

Kursdagen starta med litt teori, før deltakarane gjekk over til å lage ei renning på ein renningsbom.  Renninga var  med 3 trådar og to fargar. Etterpå vart renninga overført til veven.

VevkursVevkurs

Det vart hovla til Spiss Kipert, som då vart mønsteret det skulle vevast i. Dette skulle bli til gryteklutar eller kjøkenhandkle - alt etter kva innslag ein brukar. 

VevkursVevkurs

Med Spiss Kipert får du veve andre ting med inspirerande og nytt fokus - eit flott tillegg til å veve løparar, matter og lindukar.  Artig er det også å veve med med 3 trådar, ikkje berre to! Til samanlikning er løparen under hovla til Rosengang, matta til Kipert og duken til Tavlebragd. Alle dei flotte arbeida arbeida er på vevane i Bygdastauå no. 

VevkursVevkursVevkursVevkurs

- Framover no satsar vi på å utvikle oss litt om senn, seier Oddny Sporsem, som er ansvarleg for vevstova i Gossen Bygdekvinnelag. Ho ser ho også behovet for ein fast dag i vevstova, der ho kan hjelpe til og halde på kontinuiteten. Av dei 6 vevane vi har i vevstova er 4 alt i bruk.

Gossen Bygdekvinnelag har ein lang tradisjon med veving heilt frå laget vart starta for over 60 år sidan. Ingeborg Skeide, vår eiga Bygdekvinne, har vore den store drivkrafta og læremeisteren opp gjennom alle desse åra.  No det er arven etter henne Oddny no vidarefører. Stas er det difor at vevstova vår er oppe og går igjen i nye lokaler og stas at det første vevkurset er gjennomført i den nye vevstova til stor inspirasjon for både nye og meir erfarne vevarar.

Artig er det og at veving er på framgang rundt om i landet, så her ligg alt til rette for at ein tradisjonsrik og fin hobby kan bli svært så populær igjen! Vårt mål er difor at vevstova kan bli til glede for mange nye vevarar som har lyst til å lære seg vevkunsten. 

Veving trendy igjen            Kronprinsesse Mette-Marit - Å veve er å leve