Hopp til hovedinnhold

Grytten Bygdekvinnelag

Julemøte

Kranselaging var temaet for julemøtet i år

Det vart laga kreative kransar av ulike slag. Noken brukte halmkrans, andre forma krans av bjørkekvistar. Randi hadde ferske tips frå samling i hagelaget kvelden før til god nytte til dekoren. Konklusjonen er at det er meir enn ein måte å lage og dekorere ein krans på!

Julebrød og peparkaker smaka godt. Og lodda våre - laga av baksida på ein kalendar på 1950-talet - gav litt inntekt denne kvelden og. Mange fekk med gevinst heim.