Hopp til hovedinnhold

Heddal Bygdekvinnelag

"Så tenner vi det første lys"

Takk til Trond Aasland

Blomedryss til Inger

Adventsfesten 2018


Adventsfesten på Olea

Adventsfesten hadde "Verdensarven" som hovudprogram. Vi var så heldige å få Trond Aasland som kåsør, og det han ikkje veit om Verdensarven på Notodden og Rjukan, ja det er ikkje verdt å vite. Så har han ein svært engasjerande evne til å få sitt publikum til å lytte, og alle fekk med seg denne interessante historia frå faktisk før 1900. Med illustrasjonar og gamle bilde fekk vi med oss kunnskap som er viktig for oss bygdekvinner i nærmiljøet. Med adventsfest hører også ord for dagen som Laila delte med oss. Nydeleg matfestbord, julesongar og blomar til Leiar, leiar for Open gard, Laila Glittenberg  Moen, og ikkje minst vår trufaste Inger Solem Sauar som syter for musikk til songane på møtene våre.

Vera Tinnes Solaas, leiar i laget, kunne ønske "God Jul" og "Vel heim" etter ein fin kveld.