Hopp til hovedinnhold

Heddal Bygdekvinnelag

Ole Holta tar imot på tunet

Kjælne kyr

Kraftige stutar

Takk for besøket

Medlemsmøte med fjosbesøk


Medlemsmøte med fjosbesøk på Tunga

27.04 2017 treftes bygdekvinnene på Tunga gard i Heddal. Dette er eit topp moderne fjos der det meste er automatisk drift. Men fjosrøktar Hallgeir Bakkalia må følge med kvar dag. Alt i alt er det ca. 150 dyr å sjå etter. Vi ser at det er solselle på dei store uthustaka.

Dette må da vere miljø på sitt beste i Notoddens største fjos. Det blei ei fin omvisning av røktaren og det blei også servert varm hyllebærsaft som gjorde godt for oss i det kalde fjoset. For her skal det vere luftig og ikkje for varmt for dyra.