Inspirasjonsseminaret 2023
Bli med på ei innhaldsrik helg i Stavanger 10.- 12. november. Bli med og la deg inspirere av dyktige foredargshaldarar, bygdekvinner frå heile landet, musikk og aktivitetar som yoga, takkebakst og badstu.
Astrid Seime · 06. juli, 2023
Bygdekvinnelaget sitt inspirasjonsseminar er ein møteplass for bygdekvinner frå heile landet. Her skal du kunne lene deg tilbake og nyte ei helg med fagleg påfyll, god mat, musikk og sosialt samvær.
Inspirasjonsseminaret er eit unikt tilbod til alle våre medlemmer. Du treng ikkje å sitje i eit lokallagsstyre eller ha verv for å delta. Her får alle medlemmer sjansen til å vere med, og du kan kome åleine eller saman med andre medlemmer.
Velkommen til Bygdekvinnelagets inspirasjonsseminar i Stavanger
Norges Bygdekvinnelag sitt inspirasjonsseminar vert arrangert i Stavanger 10. - 12. november 2023. Vi skal bu på Clarion Hotel Energy Stavanger, som ligg like utanfor Stavanger. Det er enkelt å komme seg til hotellet med buss både frå Stavanger sentrum og frå Sola lufthamn. Adressa er Ishockeyveien 2, 4021 Stavanger.
Hotellet har store gode møtelokaler og store gode pauseområde. Hotellet har treningsrommet og frå hotellet kan du gå tur rundt idylliske Mosvannet. I gangavstand frå hotellet ligg Stavanger kunstmuseum og Madla Amfi shoppingsenter. Har du lyst til å besøke Stavanger sentrum er det busstopp, med hyppige avgangar, like ved hotellet. Det tek 7 minutt med buss til Stavanger sentrum.
Inspirasjonsseminaret byrjar fredag 10. november klokka 17.00, men allereie frå klokka 16. 00 kan du registrere deg. Fredag byrjar med eit foredrag før musikk og middag. Laurdag vert det eit mangfaldig og spanande program før vi pyntar oss til festmiddag og underhaldning om kvelden. Søndag er siste dag og vi fyller dagen før vi avsluttar med lunsj klokka 12.00.
Yoga med Hilde
Nytt på årets inspirasjonsseminar er at vi inviterer alle til morgonyoga med Hilde. Yoga passar for alle og du er hjarteleg velkommen til å få ein herleg start på dagen.
Meld deg på til Bygdekvinnelaget sitt inspirasjonsseminar!
Har du spørsmål eller treng hjelp til påmeldinga så ta kontakt med Astrid Seime på e-post: astrid.seime@bygdekvinnelaget.no eller på telefon 908 72 411.
- Enkeltrom fredag 10. til søndag 12. november
Kroner 4999,-. Prisen inkluderar middag fredag kveld, alle måltid laurdag og frukost og lunsj søndag. - Dobbeltrom fredag 10. til søndag 12. november
Kroner 4220,- i dobbeltrom per person i to netter. Prisen inkluderar middag fredag kveld, alle måltid laurdag og frukost og lunsj søndag. - Seminaravgift: kroner 600,-
Gå inn på min side på bygdekvinnelaget.no her for å melde deg på Bygdekvinnelagets inspirasjonsseminar 2023
Meld deg på innan 10. oktober!
*Om du ikkje får til å melde deg på eller opplever tekniske problem kan du ta kontakt med organisasjonsrådgjevar Astrid Seime på e-post astrid.seime@bygdekvinnelaget.no eller telefon 908 72 411. NB! Om du vil ha personleg hjelp til påmeldinga, så ta med å ta kontakt med Astrid Seime.
*Brukarnamnet ditt er e-postadresse di. Om du ikkje har passordet ditt tilgjengeleg eller ikkje har passord trykker du på glemt passord nede til høgre for å få passord sendt til din e-post.
På plakaten
Vi jobbar for å få på plass eit mangfaldig og inspirerande program. Her er nokre av dei du får møte i Stavanger.
Veronika Simone Fjeld med innlegget «Leken kommunikasjon»
Ho sette norgesrekord da ho som første norske kvinne fylte ein arena med publikum da hun hadde premiere på sitt nye one woman show, SANNSYNLIGvis. Det er heilt i tråd med hennar bodskap, for Veronica Simone Fjeld ønskjer at fleire damer skal bli synlege i media og på scena. I sitt føredrag "Leken kommunikasjon" snakkar ho om sine erfaringar som samfunnsdebattant, influenser, komikar, forfattar og journalist. Innfallsvinkelen er alltid å booste tilhøyrarane, særleg damer. Mykje humor og innsikt er metoden. Hun gledar seg til å møte alle!
Tips! Sjekk ut Veronika Simone Fjeld aka YummyMummy på snapchat!
NRK- korrespondent Roger Severin Bruland
Roger Severin Bruland. Han har dei siste åra vore Europakorrespondent og rapportert frå eit pandemiherja kontinent og krigen i Ukraina. Bruland skal dele sine opplevingar med oss. Snart ventar ei ny tid med overtaking av heimgarden i Utvik i Nordfjord.
Bilete er frå Ramstein flybase i Tyskland under pandemien. Foto: Nicola Zini.
Bothild Å. Nordsletten
Med oss frå Rogaland kjem Redaktør i Bondevennen Bothild Å. Nordsletten. Ho skal snakke om matforsyning, beredskap og norsk matproduksjon.
Gry Hammer
Gry Hammer er forfatter, matentusiast, fermenteringsekspert, yogalærer, spesialist på eteriske oljer og opptatt av mennesket og jorda som en helhet. Hun har hatt ei lang og tornefull helsereise, der ho har testa ut dei fleste dietter i jakta på betre helse. «Ingen diett har gjort meg mer robust enn våre forfedres matskatter», seier ho.
«Jeg har en sterk kjærlighet for medisinsk mat. I det begrepet inngår langtidskokt kraft, melkesyregjærede og levende matvarer. Gjennom bøker, kurs, foredrag, webinarer og nettstedet gryhammer.no deler jeg mine lidenskaper.»
Gry Hammer fekk matprisen Årets bloggar og har tidligere utgitt en rekke populære bøker, blant anna Fermentering – mat og drikke for glade tarmer og gode smaker og Fra jord til bord som oppsummerar Hammer sin mat- og livsstilsfilosofi med over 100 oppskrifter på naturleg, tradisjonsrik og bærekraftig mat.
Gry Hammer har litteraturvitenskap, statsvitenskap og kulturfag fra Universitetet i Bergen og Tromsø, og vert nytta av fleire undervisningsinstitusjoner i Noreg for sin kunnskap om matkultur, matkvalitet og tradisjonsrike tilberiingsmetoder. Ho bur ved Tyrifjorden med mann, fire barn, hund, høner og ein stadig veksande frukt- og grønnsakhage.
Ditt val på laurdag ettermiddag: Badstu eller museumsbesøk, eller noko anna?
På laurdag ettermiddag kan du velje kva du har lyst til å gjere. I påmeldinga kan du velje ein aktivitet eller kurs som du vil delta på. Om du berre vil slappe av kan du sjølvsagt velje det. Nokre av aktivitetane er det avgrensa kor mange som kan delta på.
IDDIS Norsk grafisk museum og norsk hermetikkmuseum
Vi har booka omsyning på IDDIS, og reiser i samla gruppe frå hotellet. Her får vi bli med inn i den gamle hermetikkfabrikken Venus Packing. Her får du oppleve kvardagen i ein av Stavanger sine meir enn 70 hermetikkfabrikkar, lær meir om yrker og produkt i hermetikkindustrien. Hva gjorde ein trederske, leggerske eller en damper? Svara får du på omsyninga.
Vi spurte Unni Skadsem, som er lokal bygdekvinne og tidlegare styremedlem i Norges Bygdekvinnelag. "Det er eit spennade og fint museum, som eg anbefalar alle å besøke".
Badstu
Vi har booka badstu på Hinnastranda, så om du vil nyte varmen i badstua er det badstu du bør satse på laurdag ettermiddag.
Strikkekafe
Laurdag ettermiddag frå klokka 15.00-17.00 inviterer vi til strikkekafe på hotellet. Alle er velkomne til å vere med på ei hyggeleg stund der vi strikkar og deler tips og triks. Ta med strikketøyet!
Rogaland Bygdekvinnelag deler sine beste tips til prosjekt
Rogaland fekk i 2020 over 1 million kroner frå Gjensidigestiftelsen til prosjektet «Bygdekvinner deler matgleder». Prosjektet har skapt stort engasjement blant de yngre, og i år fekk Rogaland nye prosjektmidlar til prosjektet "Bygdekvinner nyt(t)er maten". På dette timeskurset får du og ditt lag få råd og rettleiing, om korleis lage eit godt prosjekt, frå søknad til ferdig resultat.
Trykk her for å sjå fine bilder og lese om prosjektet Bygdekvinner deler matgleder!
Takkkebakst med Sandnes og Sola Bygdekvinnelag Har du lyst å prøve takkebakst har du sjansen til å lære av dei beste. Sandnes og Sola inviterer til kurs, så har du ikkje hatt sjansen til å prøve takkebakst tidlegare er dette din moglegheit!
Magisk aften
Laurdag kveld inviterer vi til ein magisk aften med god mat. Forutan ein gjeng med fortryllande bygdekvinner kjem Kevin Lunde.
Kevin Lunde er kjent fra serien Rundlurt på NRK. Med slagordet «Magi, humor og en liten dose galskap» presenterer Kevin Lunde sin unike kombinasjon av magi og humor. Frå scena får du som publikum oppleve magiske effekt krydra med lun og treffende humor.
Profesjonelt, underhaldende og litt irriterande.