Hopp til hovedinnhold

Hyen Bygdekvinnelag

Kafé i 2. etasje på Columbus

Kafé i 2. etasje på Columbus

Annette Holme serverer kaffi og te

Bygdekvinnelaget ynskjer velkomen!

Kafébord og kafégjester

Kaféen var ganske godt besøkt

Kake, vafle, bollar og rundstykke var å få kjøpt

Kake, vafle, bollar og rundstykke var å få kjøpt

Triveleg med kafé

Triveleg med kafé

Leikematte og klossar for ungane

Leikematte og klossar for ungane

Fredagskafé

I februar og mars prøvde bygdekvinnelaget til med ein liten prosjektkafé på Columbus.

Fredagskaféen vart arrangert fire gongar: 3. februar, 10. februar og 17. februar og 10. mars. Ein femte gong, 3. mars, var planlagt, men måtte avlysast. Første gong var det ca 50 personar innom, og dei andre gongane mellom 30 og 20. Vi fekk også nokre stamkundar, som kom innom alle fire gongane! Det som vart selt var kaffi, te, vafler, ostekake, kanelbollar, rundstykke/skjeve, og nokre gongar platekake og risbollar. Vi hadde også brus, og most frå Gardsbrenneriet. Kaféen hadde også leikematte og klossar for små (og store!) Lokalet, som var 2. etasje på Columbus, fekk vi låne av Brødrene Aa v/Oddrun Aa. Ho hjelpte oss også med mykje av det praktiske i samband med kafédrifta! Tusen takk for dette!