Hopp til hovedinnhold

Hyen Bygdekvinnelag

Utsyn frå talarstolen i Hyen Samfunnshus. ca 45 frammøtte ved dekka bord

Godt oppmøte på temakveld!

Hesteskoforma langbord i samfunnshuset, sett frå døropninga

Borda var dekka til kaffi og fastelavnsbollar

Temakveld: Dei første lærarinnene i Gloppen

Det var godt oppmøte og god stemning då Hyen Bygdekvinnelag arrangerte open temakveld torsdag 16. februar kl 20.00.

Torsdag før fastelavn inviterte bygdekvinnelaget til ope temamøte med tittelen "Dei første lærarinnene i Gloppen - med mysterium frå Hyen". Eit hesteskoforma langbord var dekka på til bollar og kaffi, og med lys og blomar - Som ein av gjestane poengterte, er det ikkje så mange slike samankomstar med dekka bord lenger! Frammøtet var så godt at ein før start måtte til å setje fram ekstra bord og lage til eit tosifra antal nye plassar. Samla vart det til slutt rundt 45 frammøtte. 

Vi starta med at leiar Sølvi Hope ynskte velkomen, og det var allsong av “Lese og skrive og rekne er bra (men å få syngje litt det gjer oss gla’)”. Deretter fortalde historikar Annette Holme om dei første lærarinnene i Gloppen, som blant anna måtte ta betalt lærareksamen eller reise heilt til Stord for å få teke utdanning. Dei fekk i utgangspunktet halv løn av sine mannlege kollegaar, men nokre av dei omtala damene her i området var visst gode på lønsforhandlingar og ei av dei var på eit tidspunkt den best betalte læraren i Gloppen! Eit mysterium frå Hyen - ei forsvunna lærarinne - vart delvis oppklart ved hjelp av mange ulike kjelder; det er ikkje lett når nokon flyttar langt vekk og samtidig skiftar namn!

Etter foredraget var det song og musikk. Lars Holme på trekkspel og Eli Johanne Mjellem på song framførte den gamle slageren “Seemann” og kveldssongen “Voggevise for reinkalven”, begge lært av ei tidlegare lærarinne. Så var det tid for fastelavnsbollar, kaffi og prat. Undervegs var det ein interessant bordkonkurranse med ordgåter, og utlodning. Hilde-Gunn Ommedal heldt deretter eit spontaninnlegg om kor viktig det er at ein tek vare på tradisjonssongen i skulen. Deretter las Judit Aa frå lagsavisa Tankekransen; to gamle stykker ført i pennen av Synnøve Ommedal og Ida Hjorteset. Leiar Sølvi Hope avslutta med ei orientering om Bygdekvinnelaget sin aktivitet, blant anna vervevekene, takkebakstkurs 4. mars, tapaskurs 5. mars, førstehjelpskurs, engelskkurs, kompardag 30. mars og fredagskafé-prosjektet, før alle vart ynskte vel heim. Det var ein triveleg kveld!