Jan
08
Mon
Alt om bunad
Agnete Sivertsen frå Hardanger folkemuseum held foredrag om bunad. Ope for spørsmål om alt du lurer på.
Me er så heldige å ha fått Agnete Sivertsen til å koma og snakka om bunad. På dette møte kan du koma med spørsmål når det gjeld bunad. Det kan vera at du lurer på kva tradisjonar som finst, kor du får tak i skaut, kva fangband er, kor lang stakken skal vera, kva fargar du kan bruka, korleis du kan læra å sy og alt mogeleg anna. Om ikkje Agnete kan svara, så har me mange kunnskapsrike medlemmer som og kan koma med gode innspel.