Apr
08
Mon
Kinsarvik på 50- og 60-talet
Kinsarvik bygdekvinnelag ynskjer alle medlemmer vel møtt til mimrekveld i Borstova. Her vil me få høyra korleis det var å veksa opp i sentrum på 50- og 60-talet.
Nokre damer som er oppvaksne i Kinsarvik sentrum vil koma på medlemsmøtet vårt og fortelja litt om korleis det såg ut i Kinsarvik og omegn på 50- og 60-talet, og korleis det var å veksa opp her. Det blir litt om skular, heradsstruktur og store endringar, og litt om folket som budde her. Det er fint om andre og kan supplera med sine minne. Slik kan det verta ein fin mimrekveld.
Kaffinemnda syter for noko å bita i og litt i koppen! Dei blir sjølvsagt gratislotteri.