Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

Bryggjekar

KLart til bruk

May
12
Tue

Kurs i ølbryggjing

Hus gard, Kinsarvik
-

I samarbeid med Vestnorsk kulturakademi arrangerer me kurs i ølbryggjing med Hus-kveiken.

Hus-kveiken vart vekt til live etter over 50 år i dvale. Bryggjinga skal gå føre seg i same eldhuset og med same bryggarutstyr, som på NRK-filmen frå 1973. No håpar me å få med yngre folk, som kan læra seg bryggjinga og ta opp att gardsøltradisjonen i Kinsarvik.

Pris: Medlemmer kr. 300,- andre kr. 500, - 

Me vil prioritere deltakarar som ynskjer å føra tradisjonen vidare. 

Få plassar. Påmelding til Grete Sætherhaug, scotten@hotmail.no,innan 20.april.

I påmeldinga må du skriva kvifor du ynskjer å vera med på kurset, om du har høve til å  bryggja seinare, og korleis du kan vera med å føra tradisjonen vidare.